Du er her: Forside news Nordic dance 2012 viser nasjonale dansetradisjonar, identitet og nyskaping i eit fellesnordisk perspektiv

Nordic dance 2012 viser nasjonale dansetradisjonar, identitet og nyskaping i eit fellesnordisk perspektiv

Nordic Dance 2012 er eit nordisk talentprosjekt for ungdom mellom 18 og 26 år som dansar folkedans eller speler folkemusikk. Fire folkedanstalent og fire folkemusikktalent frå Danmark, Sverige, Finland og Noreg skal lage ei forestilling som vil ha premiere under det nordiske folkedansstemnet Nordlek 2012 i Steinkjer.

Noregs Ungdomslag har gjennomført nasjonale talentprosjekt for folkedansarar i fleire år, og Nordic dance 2012 bygger vidare på erfaringar frå mellom anna Sans for dans – prosjekta.  Saman med profesjonelle folkedansarar, musikarar og koreografar har dei satt dette inn i ei moderne ramme på scena. I Nordic dance 2012 vil vi sjå nasjonale dansetradisjonar, identitet og nyskaping i eit fellesnordisk perspektiv.

Gjennom prosjektet vil talenta utvikle seg som dansarar/musikararar, lære mykje om det å lage ein produksjon og ikkje minst om det å arbeide saman i eit stort ensamble.
Prosjektet er støtta av:
Nordisk kulturfond, Norsk kulturråd og Norsk teaterråd
Samarbeidspartnarar:
Finlands svenska folkdansring, Folklore Suomi Finland, DGI -dans og musik, Svenska folkdansringen og Noregs Ungdomslag.

Les meir.
Nordlek 2012

Redigert Tarja Terävä tarja.terava@kultukontaktnord.org

22-03-2012
Side-alternativer